Return to site

Kaldt, vått, surt og livlaust?

Vinter i hager og sinn

Nyoppstarta, med dager og kvelder med administrative ting, med stratgiplanar og markedsplanar. Snø, slaps og regn om eit anna. Vind som ruskar i hus og skogar. Korte dagar og lite lys. Då er det godt for gartnersjela å tenke på alt anna. Tenke på alt som vert hagar, parkar og anlegg i løpet av sesongen. Alt som skal stellast og settast i stand. Eg tenkjer på våren

I vårt fag er våren allereie no

Medan eg set meg godt til rette framfor ein vedfyrt ovn og tar koppen med varm, nytrekt te opp frå bordet og hutrar litegrann ved å tenke på den sure vinden som kraup ned i halsen på jobb i stad, då vert eg spenn klar for våren. Vinter sa du? Ja. Men vi må tenke på våren. Når våren faktisk kjem, og andre enn dei litt over middels hageinteresserte også ser at det sprett knoppar både her og der, det er då det er litt seint for oss å begynde å tenke på våren. For oss er våren no.

 

Mange ringer så sint som veka før 17. mai, og skal ha alt klart til den store dagen. Konfirmasjonar som gjev inspirasjon til å ta eit tak i inngangspartiet. Du veit, det der du har sett på kvar gong du går forbi sjølv. I heile fjor. Dei tinga som du nesten ikkje ser lenger, men som no plutseleg har komt til syne i lys av ein vår full av hendingar.

Vinteren sit lenger mellom øyra enn ute

Berre sjå, den gamle rosebuska mi har sett nyskot, påskeliljene mine er 4 cm lange, og eg kan sjå snøklokkene i kvitauge. Og eg veit at om bittelitt vert det veldig travelt. Og fram til dess, er tegneblyantane velbrukte på bordet, rekneprogramma i høggir og vinterens kundar gler seg over at alle teikn på grovarbeid og rot ute skal forsvinne og etterlate seg ein vårklar hage.

Det er no eg tenker beskjæring, før det vert for seint og sevja går. På hellegangar som skal pyntast på. belegningsstein i oppkjørsla, Ugraset som snart skal pirke i tolmodet vårt. Det er no eg tenkjer på alt eg og naturen vil være ferdig med før våren har sett sin fot over dørstokken. Så på med hua, hanskane og ulltøyet. Når ikkje våren kan vente, kan ikkje vi det heller.

 

Men du, vi sjåast ute då!

All Posts
×

Almost done…

We just sent you an email. Please click the link in the email to confirm your subscription!

OKSubscriptions powered by Strikingly