Return to site

Høgt og vilt

Om å nå nye høgder med høgdeskrekk

Denne blogposten har sete litt langt inne å skrive. Å utlevere seg selv er ikke nødvendigvis det ein drøymer om. Men så hende det noko.

Eg har ein stor lidenskap for faget mitt. Å arbeide med naturen kan gje deg både gleder, frustrasjonar og overraskingar. Ein vert aldri utlært, og ein opplever stadig noko nytt. Alt det faglege i mitt yrke har eg roen på. det er berre ein ting som har prega utføringa av arboristdelen i faget for min del. Det er høgdeskrekken. Noko eg trudde eg hadde klatra frå meg. Men nei. Det hadde eg ikkje.

Ein kald februardag hadde eg avtala med ein kunde å beskjære eit stort hestekastanjetre som stod heilt inntil huset, med greiner godt over taket på det verneverdige huset. Store greiner, mykje vekt og litt komplisert å få det trygt på bakken. Eg hadde med meg ein bakkemann og alt nødvendig utstyr. 5 meter over bakken innser eg at eg stolar verken på tauverk, meg sjølv, bakkemannen eller treet. Det var ikkje sjangs. Eg kom meg ikkje opp i treet den dagen. Eg måtte tusle bort til ein skuffa kunde og fortelle korleis situasjonen var, og at det ikkje vart noko beskjæring den dagen. Heilt fullstendig utelukka faktisk.

"Skriv om det på bloggen din", ein rådgjevar på Aksello er sikker på at vi alle har godt av å lese at ikkje alle er perfekte. Berre skriv det. Ja, eg kunne jo det. Men langt nede i magen var eg ganske sikker på at det ville bli heilt feil. Eg nekta å la dette være punktumet. Eg klatra andre trær, fekk blåmerker og gangsperre, skikkeleg slitne musklar og minst like slitent hovud. Eg avtala ny dag med kunden, og fekk ein ny sjangs til å prøve treet som sette meg heilt ut. Eg skriv ikkje den bloggen før det er eg som har klatra det treet tenkte eg. 

Er du klar? Jan Tore, min erfarne bakkemann og ektemann har også ein plan om at eg skal klatre dette treet. Eg er ikkje sikker på kva eg skal svare til det. Men vi begge veit nok kva svaret er. Og han som var med meg på returen sist, er nok usikker han også. Alle førebuingane før eg er oppe i treet har bestemt seg for å forseinke meg. Kanskje er det usikkerheten som spelar oss eit puss. Ikkje usikker på faget, taua, treet, saga. Usikker på meg. Eg støttar meg til at det er sagt at det er meir sunn fornuft enn skrekk som fortel meg at det å være 20 meter over bakken festa i eit tau, arbeidande med motorsag er ein litt heftig ide... Og akkurat no ser ut som ein dårleg sådan.

5 meter oppe igjen. Så 7. Så skjønar eg ikkje korleis eg skal komme meg opp. Litt krangling med seg sjølv og bakkemennene. 10 meter no. Ny stopp. Det er ikkje høgt ned. Men det blir det. Om eg ikkje går ned att då. Litt meir krangling, men så. No høyrer eg berre fuglar, elva frå andre sida av huset, skulen nede i gata. Har mista kontakten med bakkemennene. sånn. 20 meter. Her er vi. Eg og fuglane. Motorsaga, taua, nedfiringsutstyret. Men ikkje høgdeskrekken. 

Ein kjempesiger å kunne stå oppe i treet, trygg på tau, bakkemenn og fag.  Jobben vert gjordt, og eg kjem ned att etter både lunsj og kaffipause oppe i treet, rett i varm bil og glade samarbeidspartnarar og glad kunde. No kan eg skrive blog. Om høgdeskrekken eg overvant. Og ikkje den som overvan meg. 

All Posts
×

Almost done…

We just sent you an email. Please click the link in the email to confirm your subscription!

OKSubscriptions powered by Strikingly